Fotobutikk til sals

 2016-11 Nikonskilt dagtid

Det er ei tid for alt. Og no er tida komen der vi tenker å selje fotobutikken.

Alf Helgheim & Co er ein veldriven og moderne butikk, lokalisert i eit av dei vakraste omgjevnadane landet vårt har å by på – Skei i Jølster. Skei er eit trafikalt knutepunkt, der vegane møtest om ein kjem frå Ålesund og Trondheim frå nord, frå Oslo og Sogndal om ein kjem austfrå, og vidare sørvest mot Sunnfjord og Bergen.


Butikken har ein stor kundedatabase, der fotoutstyr og kikkertar er hovudprodukta. Målet vårt er – og har vore – å vere den beste fotobutikken mellom Ålesund og Bergen. Verksemda har motteke fleire prisar frå utstyrsleverandørane våre, og og 2018 fekk vi utmerkinga «Kommunal tiltakspris» frå kommunen.

Årleg omsetning ligg på ca. 5 mill. kroner, og vi har stadig vekst. Verksemda er organisert som aksjeselskap, og har ein solid eigenkapital.

Tettstaden Skei har gode fasilitetar og trygge oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt barnehagetilbod, barne- og ungdomsskule og ny fleirbrukshall. På Skei finn du også eit stort og moderne hotell, daglegvareforretningar og kafé- og restauranttilbod.


Om du ønskjer meir informasjon kring verksemda og sal av denne, og du kjenner på at dette var interessant, må du gjerne be om meir informasjon via epost til
magnar.helgheim@gmail.com eller ringe Reidar Helgheim på 922 92 676.

 

 LInk til facebook sida Alf Helgheim og Co ASAlf Helgeim & Co AS 75 år bilde