Historie

 
23.desember 1946: Alf Helgheim Co vart registrert med Alf Helgheim som eigar og søstera Aasta som medkompanjong. Føremålet med firmaet var å drive sal av ur, briller, kikkertar og gull og sølvvarer og reparasjon av ur. Firmaet heldt til i kombinert bustad/butikk på Helgheim – sjå bilete nedanfor. 

16.juni 1973: Alf Helgheim & Co flytta over i nytt bustad/forretningsbygg på Helgheim samstundes med at firmaet opna ei eiga avdeling for daglegvarer. 
25.september 1987: Ur-, foto-, gull-/sølv- og musikkavdelinga vart flytta til Skei. Alf Helgheim & Co var frå denne tid leigetakar i Forretningssenteret Skei as. Daglegvare-avdelinga på Helgheim vart nedlagd sommaren 1988. 
Mars 1996: Alf Helgheim & Co flytta over i Coop Jølster sitt nybygg på Skei og held framleis til her. 
1998: Bedrifta vart omdanna til aksjeselskap med namnet Alf Helgheim & Co AS samstundes med at Alf Helgheim overdrog verksemda til sønene, Nils Magnar og Reidar.
21.desember 2023: Det var siste opningsdag for Alf Helgheim & Co AS.
 
       Oddny og Alf i 2006        Butikk 1946 med kiosken i framgrunnen  Reidar og Randi

 75års jubileum
75årsjubileum kake


75års jubil Reidar og Alf