Canon EOS 6D Mark II speilreflekskamera.
Canon EOS 6D MarkII er eit fullformat kamera med 26,2 megapikslar CMOS-sensor ( med Dual pixel AF) og DIGIC 7-biletprosessor som gjer at EOS 6D tek i mot mykje lys og kan levere klare og reine bilete, sjølv når lyset er svakt. Kameraet har innebygd GPS, vertetting, tiltbar berøringsskjerm og WiFi. ISO går heilt opp til 40.000 og kan utvidast opp til 102.000 for ekstremt vansklege høve. EOS 6D Mark II har 45 Autofocus punkt som gjev gode mulegheiter til å følgje motiv i rørsle som; syklistar, barn og dyr. Kontinuerleg seriebiletetaking på 6,5 bilete pr. sekund gjer at dette kamera kan handtere enkel sportsfotografering.Kameraet har tiltbar berøringsskjerm som kan brettast ut på sida og let deg fotografere og filme frå både høge og låge vinklar, samt rett framanifrå. Berøringsskjermen let deg sette fokuspunkt, samt sjølvsagt navigere i menyane. EOS Mark II har ein digital bilete stabilisator for video. Dette gjer handhalden filming lettare, med betre stabilisering og gjer behovet for anna stabilsering som t.d. gimbal mindre. Kameraet har GPS som gjer det muleg å vite kor bileta eller filmane vart teken. WiFi let deg fjernstyre kamera via app på telefonen, samt sjå Live View bilete på telefonen. Bileta kan overførast direkte til telefonen for å publisere direkte på sosiale media. Kameraet har også bluetooth. Har du telefon med NFC, kan du kople deg til kameraet på ein svært rask og enkel måte.
Canon EOS 6 D Mark II vert levert med følgjande:
- Canon 6D Mark II
- Kamerahuslok R-F-3
- Augemusling EB
- Kamerareim
- Batteri LP-E6N
- Batteriladar LC-E6E
- Brukarmanual
Sjå video