alfhelgheim butikk

I butikken vår finn du og eit stort utval av Canon, Nikon, Olympus, Fujifilm, Panasonic og Sony kamera og optikk, i tillegg til kikkertar, ur og gåveartiklar. 
Kva med ei CeWe fotobok eller foto på lerret? Er du på jakt etter gåvetips, så ta turen innom til oss. Vi hjelper deg!

Din lokale kamera, ur og kikkert butikk for Nordfjord, Sunnfjord og Sogn finn du på Skei i Jølster, Vikavegen 35
GPS til butikken: N 61° 34.411', E 6° 28.960'

 
 

23.desember 1946: Alf Helgheim Co vart registrert med Alf Helgheim som eigar og søstera Aasta som medkompanjong. Føremålet med firmaet var å drive sal av ur, briller, kikkertar og gull og sølvvarer og reparasjon av ur. Firmaet heldt til i kombinert bustad/butikk på Helgheim – sjå bilete nedanfor. 

16.juni 1973: Alf Helgheim & Co flytta over i nytt bustad/forretningsbygg på Helgheim samstundes med at firmaet opna ei eiga avdeling for daglegvarer. 
25.september 1987: Ur-, foto-, gull-/sølv- og musikkavdelinga vart flytta til Skei. Alf Helgheim & Co var frå denne tid leigetakar i Forretningssenteret Skei as. Daglegvare-avdelinga på Helgheim vart nedlagd sommaren 1988. 
Mars 1996: Alf Helgheim & Co flytta over i Coop Jølster sitt nybygg på Skei og held framleis til her. 
1998: Bedrifta vart omdanna til aksjeselskap med namnet Alf Helgheim & Co AS samstundes med at Alf Helgheim overdrog verksemda til sønene, Nils Magnar og Reidar.
 
       Oddny og Alf i 2006        Butikk 1946 med kiosken i framgrunnen  Reidar og Randi        IMG_1519 IMG_1521  IMG_1520
Nye tider                                          Her ser vi Alf i 1987 på Skei                                       På  Helgheim 

75års jubil Reidar og Alf   Alf Helgeim & Co AS 75 år bilde     
75 års jubileum

Alf_ur